onsdag 9. april 2008

"Gud, Michelet og radissane"

Det er sikkert ikke tilfeldig at de jeg for tiden leser med størst interesse, har en statistisk signifikans i retning av å hete Arnfinn.

Dermed trenger jeg antagelig ikke å skrifte for å anbefale Arnfinn Harams kronikk i Klassekampen om Jon Michelets internettbok om Gud, der han bl.a. roser (og riser litt) pater Harams gamle kronikk om radissane.

Arnfinn åpner med et spørsmål som støtter det gamle ordet om at ting skjer.


Kven skulle tru at tru skulle bli eit tema i Klassekampen og på venstresida? Som noko anna enn arrogant og sigersikker harselas, skiftande med aggresjon og krigserklæringar?

Men kven skulle trudd at Jarnteppet rivna og at Berlin-muren fall?
For nokre er det eit teikn på den universelle sigeren åt kapitalismen og marknadsliberalismen; for meg er det eit teikn på at det fins sider ved mennesket – både som individ og som kollektivt og historisk vesen - som ikkje let seg utrydje ved vald og makt eller stengje ute med jarnteppe og murar. Spørsmålet om Gud er eit slikt spørsmål. Fordi det er eit spørsmål om mennesket.


Lesverdig og spennende stoff. Ikke minst har han en del hjertesukk som støttes heller varmt.

Raddisane er ikkje åleine heime lenger, så dei kan ikkje lenger spele yndlingsmusikken sin med fullt slagverk utan at nokon reagerer. Neste gong ein raddis drar dei gamle og einsidige historiene om inkvisisjonen eller om kyrkja si brenning av ”millionar” hekser, så skrik eg. Neste gong eg høyrer omkvedet om ”makta i Vatikanet”, så skrik eg igjen. Neste gong nokon hissar seg opp over religionen som hovudårsak til krig og konfliktar og død og forderving, skal eg minne om Sovjet-tida og om Aust-Europa under kommunismen, eller om verdskrigane, om Hiroshima og Nagasaki, om Mao og Pol Pot, om Napoleon, Bismarck og fleire andre – og alt som har vore utført i namnet åt sekulariteten, nasjonalismen, antiklerikalismen eller ateismen. Det meste berre for kort tid sidan, historisk sett.


At kronikken avsluttes med å sitere Yeats, bidrar ikke direkte til å svekke inntrykket av at det fortsatt er håp for den offentlige samtalen.

Ingen kommentarer :